Forfatterarkiv: Sigrun Åland

Ukas Klassiker: Moss Icon – Complete Discography

moss

Sjangerdefinerande post-hardcore frå det mindre glade 80-tall. Oppretta i Maryland i 1986 og var aktive fram til 1991, med unntak av nokre få reunions her og der. Dynamisk sound med tydleg kjenslevar nerve, noko som stod i kontrast til den amerikanske hardcore-punken som regjerte fyrste halvdel av 80-talet.

Complete discography inneheld som tittelen tilseier, Moss Icon sin fullstendige katalog. Eit must for alle samlarar med andre ord.

mossi

  • Kjøp den her!
  • Ukas Album: Blood Orange – Cupid Deluxe

    Blood-Orange-Cupid-Deluxe

    Produsent og musiker Dev Hynes, viser finesse med andreskiva til soloprosjektet, Blood Orange. Hynes, som må seiast å ha mange ballar i lufta, har arbeida tett med mellom anna Solange, Sky Ferreira og The Chemical Brothers. Under tilnamnet Blood Orange, gjorde han seg for alvor markert med debuten, Costal Grooves frå 2011. Oppfølgaren er ikkje mindre interessant. Inspirert av tidleg Michael Jackson, Drag Queens og livet i New York City, har Hynes med presisjon sett fingeren på ei musikalsk nerve i vår eiga fortid og samtid.

    Ettersom Cupid Deluxe vart sluppen i 2013 har nok mange vore innom skiva allerede. Har du derimot endå ikkje plukka denne opp, skal på Øya-festivalen og ikkje heilt har bestemt deg for kva konsertar du vil gå på, er Blood Orange veka sitt heitaste tips frå Tiger.

  • Kjøp den her!
  • Ukas Klassiker: A Tribe Called Quest – The Low End Theory

    tumblr_lr8qw7lAfv1r2u1oxo1_1280

    Den amerikanske hip hop-gruppa A Tribe Called Quest, vart danna seint på 80-talet av Q-tip, Phife Dawg, Jarobi White og DJ/producer Ali Shaheed Muhammad. Ettersom gruppa kom “straight outta New York City”, var dei med på å definere east coast sounden utover 90-talet. Bandet si andre skive, The Low End Theory, kom ut i september 1991 og var banebrytande på fleire måtar. Den tok mellom anna opp tema som skuggesidene av platebransjen og valdtekt.

    Eit anna interessant aspekt med denne skiva er at den dreg ein tydleg link mellom hip hop og jazz, både musikalsk og kulturelt. Utover dette er musikken minimalistisk og tilbakelent.

  • Kjøp den her!
  • Ukas Album: Lower – Seek Warmer Climes

    OLE-1066-Lower-Seek-Warmer-Climes-537x537

    Lower har sakte men sikkert snike seg ut av den skitne punk-scena i København sin mørkaste undergrunn. Bandet har spelt saman sidan 2009 og har nyleg signa med Matador Records. Sjangermessig kan debutskiva, Seek Warmer Climes, plasserast innanfor post-punken, dog med ein relativt clean sound og eit rastlaust preg som gjer at det tidvis vert nærliggjande trekke linjer til hardcore.

    Dersom du skulle få lyst til å sjå dette bandet live kan vi også nemne at det vitjar Tøyenparken og Øyafestivalen i august. Vi gler oss stort!

  • Kjøp den her!
  • Preview:

    Tigertips: Brutal Blues – Brutal Blues LP

    bruttall

    Nokre gongar blir ein overraska over kor mykje lyd to menneske faktisk kan generere. Brutal Blues er eit godt døme på nettopp dette. Anders frå MoHa/Noxagt og Steinar frå Parlamentarisk Sodomi har slått seg saman for å lage teknisk grind med sinnsjuk trøkk. Musikken har kanskje ikkje så mykje med blues å gjere, men brutalt er det definitivt. Skiva er også til fryd og glede visuelt sett. Svart og blått silketrykk på sølvfoliert papir, samt trykk på omslagsplasten. Ein riktig konfektbit med andre ord!

  • BRUTAL BLUES PÅ TIGERNET
  • Sniklytt:

    Avduking: Erik K. Skodvin – Flame

    Denne supereksklusive vesle godbiten kom nett ramlande inn på Tiger. Ryktet på gata seier at den er utsolgt i resten av verda, men ikkje få panikk. Vi har heldigvis eit opplag i bakhand. Slik ser coveret på vinylutgåva ut:

    Flare_-_Flame_LP

  • ERIK K. SKODVIN PÅ TIGERNET
  • OLYMPUS DIGITAL CAMERA

    Det er også verdt å nemne at vinylutgåva inneheld både “Flame” og den føregåande skiva “Flare” i frå 2010.

    OLYMPUS DIGITAL CAMERA

    CD-versjonen:

    OLYMPUS DIGITAL CAMERA

    OLYMPUS DIGITAL CAMERA

    Tigertips: Fucked Up – Glass Boys

    glass boys

    Toronto-bandet Fucked Up ligg som vanleg ikkje på latsida. Kort tid etter at “Year of the Dragon”, det nyaste bidraget i zodiac-serien kom ut, er dei no aktuelle med ny fullengder. “Glass Boys” er på mange måtar ei typisk Fucked Up skive. I motsetnad til forløparen, den særs originale postpunk-operaen “David Comes to Life” frå 2011, føyer “Glass Boys” seg naturleg inn i rekka av tidlegare skiver. Det må likevel nemnast at det ikkje skortar på originaliteten på denne utgivelsen heller. “Glass Boys” kjem nemleg i to versjonar. Ein vanleg, og ein limited edition som inkluderer ein ekstra LP med alternativ mix og trommer i half-time.

  • FUCKED UP PÅ TIGERNET
  • “Glass boys” er rask, melodiøs og uforskamma fengande. Nett slik Fucked Up skal vere. Her er ein liten smakebit:

    Ukas album: Satan’s Satyrs – Die Screaming

    last ned

    Ventetida har vore lang og hard, men endeleg droppa denne særs etterspurde knallskiva inn i sjappa. Satan’s Satyrs har kapra hjarta til mange metal-heads etter at dei starta å spele saman i 2009, og den smoothe miksen mellom heavy, doom, samt frekke innslag av punk kan få det til å rykke i rockefoten på omlag kven det skulle vere. Die Screaming er den andre fullengderen til dette bandet, men dei har også droppa eit par EPar og eit live-album. Dette er eit band å halde augene oppe for.

     

     

     

    Her kan du høyre ein aldri så liten smakebit:

    Ukas Klassiker: American Football – American Football

    american

    American Football er den fyrste og einaste fullengdaren til det amerikanske indie-bandet med samme namn. Denne skiva luktar tenåringskjensler og stikk seg ut i mengden, mykje grunna ein fløyelsmjuk trompet som går att i fleire av låtane. Medan originalversjonen kom ut i 1999, vart ein splitter ny deluxe edition reissue sluppe for omlag to veker sidan. Denne består mellom anna av ein booklet med bileter og tekstar samt dobbel, farga vinyl. Deilig!

  • KJØP DEN PÅ TIGERNET