Bransjen har fortalt oss at det riktige nå er å trygle om innpass på bransjefestivaler i håp om å få en bloddeal med noe utenlandskeid byrå som kan få deg inn på events i det private næringsliv og "brand partnerships" - hvordan i huleste har dere fått til så mange kule gigs på egenhånd? Og hva tenker dere om brand partnerships?
Me satt faktisk ein morgon rundt frukostbordet til Ylva, etter at me hadde og spelt vår første utanlandsgig kvelden før for kanskje 25 stykk på Crippas kafé i Göteborg og følte at no var me big in Sweden, og då lurte litt på det same - kvifor prøver me ikkje meir å få spele på bransjefestivalane? Mange grunnar til det, men ein grunn kom fram då me satte på vår eigen musikk rett etterpå, og innsåg kor fjompete me er. Det oser ikkje coolness liksom. Og sånn vil me jo ha det. Neidå, men spøk til side, så er me generelt lite fan av å trygle. Det er ikkje noko kjekt å presse seg på folk som ikkje er interessert i ein. Me treng gjensidigheit! Og i det dei kaller “bransjen” er det jo mye kynisme og business, og mange som går inn der blir sure folk som jobbar med ting dei ikkje liker. Og det er jo eigentlig ikkje det nokon vil ha. So då må me tenka annleis.
Brand partnerships.. altså.. Ting som må ha eit engelsk navn er vel som oftest ein dårleg idé! Elles er vi jo nokre hakk gladare i felleskapsløysingar og idealisme enn det private næringsliv. Må seiast! Nei, altså, fysj. Me veit ikkje heilt kva det er, men me får ein uggen følelse i magen av det.
Når det gjeld konsertane me har spelt så har me eigentleg stort sett vore så heldige at me blir spurt om å komme å spele. Så det er jo eit privilegium. Men me trur jo kanskje det handlar om det at me gjer ting litt annleis og at me meiner noko då. Det er jo ein mangelvare. Så då blir me jo spurt mykje av folk som vil ha den politiske brodden. Dei konsertane me har spelt som me ikkje har blitt spurt om har stort sett vore ting me set opp sjølve. Det er eigentleg eit godt tips. Igjen, kvifor sitte og vente på at nokon skal få ting til å skje for deg, når du bare kan sette ting i gong sjølv? For eksempel på nevnte Crippas kafé i Göteborg så berre ringte me og spurte om me kunne få komme og sette opp en konsert, og det var heilt greit for dei. Me har også satt opp konsert i ein verkstad på jordbruksskulen i Aurland for eksempel. Då lånte me berre PA-anlegg frå kulturskulen og tok med og fekk låne litt amper og diverse. Det er jo ganske enkelt. Så på den måten kan ein få spele kor ein vil, for dei folka ein vil spele for, og ein kan også halde prisane nede. Også får me meir eigarskap til konsertane våre slik synest me. Det er jo litt stas å vere arrangør på ein måte! Føles meir vårt og me føler oss nærmare dei som kjem på konserten.
Bransjen har fortalt oss at det er nødvendig i dag å vente pent på å bli plukket opp av Bylarm, Øya eller en Spotify spilleliste - først da begynner moroa for alvor. Men dere ser jo ut til å nå ut til masse folk og ha det gøy allerede nå. Er det lov? Kan dere dele noen tips hvordan dere får det til?
I forfjor sommar jobba Inga (då 26) som vaktmeisterassistent på sin gamle vidaregåande skule på Levanger. Rundt lunsjbordet vart det snakk om dei forbaska klistremerka folk hang opp på skapa, og som det ikkje var råd å få av med noko vaskemiddel som helst. I ein dopause litt seinare fann ho lysegrøne Natur og Ungdom-klistremerke på dopapirholdaren som ho sjølv hadde klistra opp ti år før. “Om ikkje du, kven? Om ikkje no, når?”, står det på dei, og dei heng der nok fortsatt - forbaska godt lim på dei der greiene. Venting har me ikkje tid til, med andre ord.
Det er jo så klart vanskeleg, og litt skummelt, å skulle seie noko om kva ein gjer som er bra. Kjenst litt som at ein må seie bank i bordet ellers så raser på alt saman, litt som ein kan kjenne i kjærleiken at det blir virkelig skummelt når ein byrjar å tru at dette går jo bra. Men me prøver! Me trur innstilling har mykje å seie. Heilt frå byrjinga har me vore opptatt av at det er like viktig og meningsfylt å spele ein konsert der det kjem ein person som ein der det kjem fleire hundre. Og me har aldri hatt ei forventning om at det skal komme så mange på konsertane eller at det liksom skal “ta av” eller noko. Det er klart ein drøymer, men me har aldri gjort oss avhengig av at alle dei tingene skal skje for at me skal vere nøgde. Så me kosar oss veldig me det me gjer og skuldrane er låge. Også er den politiske dimensjonen viktig trur me. Tilbakemeldinga me får er jo at konsertane våre og låtane betyr noko for folk fordi de resonnerer mykje med følelsene folk har om verden. Så det føles veldig meiningsfylt for oss å kunne tilby eit slikt fellesskap og kanskje både trøst, men også gnist inn i kampen. Og det er jo noko me sjølv også får enormt mykje glede og trøst av. Så det går liksom begge veier. Gjensidigheit igjen! Me er jo også en del av fellesskapet og kunne like gjerne vore i publikum som på scenen på ein måte. Og me heng jo alltid med folk etter konsertane og er “med” på kvelden liksom. Me kjem ikkje berre og speler og så drar igjen eller sit backstage heile kvelden og gnurer. Så me lagar jo på ein måte til vår eigen drømmekveld som me deltar på med hud og hår! Me tenkjer at ofte så tenker folk, typ folk i bransjen eller folk som vil “slå gjennom” så feil. Ein tenker liksom at det er best å ikkje meine noko, å gjere ting mest mulig strigla, utfordre minst mogleg, vere streit, gjere som dei andre i same sjanger og ja, fjerne veldig mykje personligheit då. Det trur me er heilt feil. Kanskje det funkar ein periode, men det funkar ikkje på lang sikt. Og uansett om det funkar: viss ein gjer det sånn så betyr det ikkje noko. Og det er det viktige. Så ja, det beste tipset vårt er vel eigentleg å fullstendig fjerne tanker om “suksess” og å “slå gjennom” frå hjernen sin. Gjer ting akkurat sånn du føler for det sjøl, sånn at du kan vite i hjartet ditt at dette er i tråd med dine idealer og slik du vil at verda skal vere.
Bransjen har fortalt oss at det er bra å connecte med større globale trender, bruke de riktige hashtagsene og markedsføre seg gjennom å fronte en større sak. Det blir jo fort litt kleint. Og hva skal man mene egentlig? Men dere kjører en steinhard politisk linje i alt dere gjør, som om det var den naturligste ting i verden. Hvordan våger dere? Har dere noen tips til folk som vil bli radikalisert som dere?
Hehe. Ja det der.. Altså ein må jo meine det, og det er jo det me gjer. Me er jo alle aktivister og punks først og fremst, så det er jo berre kven me er. Så ja, det føles som den naturligste ting i verda, og me speler jo i Sliteneliten som ein form for aktivisme. Det er derfor me vil. Det er også veldig mykje kult ein kan gjere som band som ikkje berre er tekstane og musikken, men for eksempel å differensiere pris synest me er ei topp greie, altså la oss seie at nokon ungdommar i Brummundal eller noko har lyst til å sette opp konsert men ikkje har nokon pengar, så kan me tenke at “oi, det er kult, me berre betaler reise og sånn sjølve og gidder ikkje ta betalt for å komme dit og spele.” Nokon konsertar er så viktige at me gjerne finansierer dei sjølve. Eller set det opp sjølv hvis det er ein plass me vil spele der det ikkje er nokon arrangører. Så kan me heller ta ordentlig betalt av dei kommersielle aktørane som faktisk har penger. Mange band dropper jo heilt dei konsertane av første typen etter at dei “blir noko”, eller kva ein skal kalle det. Andre gøye ting er jo å ikkje bruke samme miksere og mastrere som alle andre, men heller finne nokon andre. Dra med oss folk liksom, i Sliteneliten-universet. Me laga for eksempel ein musikkvideo til låta “Den lesbiske dalen”, og der var det med masse statistar, og det blei sleppfest på Mir, og no har mange av dei statistane og folk som var på sleppfesten laga eit lesbisk kor! Og den lesbiske dalen lev også videre i ei utstilling som heiter “Butch don’t cry” som stillast ut på Heimdal kunstforening, kor musikkvideoen stillast ut saman med fotografi av folk som lev i den lesbiske dalen.
Eit anna eksempel er jo å prøve å få spele saman med andre band som er politiske og med det også linke opp aktivister og ulike analyser. Sånt er kjempekult og litt sånn i tråd med eit veggord som me må innrøm at me liker: “Be the change you want to see in the world.” Neida, eller joda, men det er jo eigentleg veldig anarkistisk ånd over det der da. At ein må berre starte å bygge den verdenen ein ønskjer seg, ein kan ikkje sitte og vente på at politikarane og staten skal ordne ting liksom.
Til det siste punktet: Sjå opp, sjå opp! Problemet er vel ikkje korleis bli radikalisert når ein ser kring seg i denne klin kokos verda med eit større utval av eksistensielle kriser enn yoghurttypar i butikken, men å vite kor ein skal rette sinnet/bekymringa/fortvilelsen/sorgen/frykten (vel dei som passar) er eit vanskelegare spørsmål. Det kan jo sjå ut som at vi traff på noko fleire hadde lyst til då vi begynte å gaule det ut på rim og med fengande (om me får seie det sjølve) rytmar. Det blir jo ofte allsong på konsertane - meir eller mindre frivillig frå publikum si side. Men eit godt tips kan kanskje vere å berre prøve seg fram. Ofte blir ein lamma av at ein vil engasjere seg i DET RETTE og på RETT måte, også finn ein liksom berre aldri ut kor det er. Då er det bedre å berre prøve noko. Ofte er følelsene sterkast når det er noko ein kan GJERE og ikkje berre teoretisere om, så for eksempel det å engasjere seg i fjordsakane, Repparfjorden og Førdefjorden, der det stadig er fysiske aksjonar er ein god stad å byrje for eksempel! Hører også at det er god gang i punkescenen i Oslo om dagen, så der kan ein også prøve seg! Men me digger teori óg då. Me er jo litt lesehester i tillegg til å gjere ting. Komboen er uslåeleg!! Men ja, me kan jo anbefale noko lesestoff: Glenn Bech, Linn Stalsberg, Camila Sosa Vilada, Guro Sibeko, Edouard Louis, Audrey Lorde, Emma Goldman og Rosa Luxemburg.
Bransjen har fortalt oss at et band må ha en 5 års plan, hva er deres?
Om verda står til den tid, så speler me nok, me. Ting å skrive låtar om går det mest sannsynleg ikkje tomt for, og med store planer om bygging av studio i det gamle bedehuset på Gjelland, Synneva (vokalist) sin gard på Voss, må ein vel seie at framtida ser lys ut. Me trur me er ganske gode på planlegging, hjulpe av mykje diverse organisatorisk bagasje samanlagt, og har zoom-møte annankvar måndag, med referat og ordstyrar. Det er som regel så mykje på sakslista at me likevel ikkje klarar å planleggje så mykje lenger fram enn nokre månader. Ein kan vel ikkje krevjast å leve 5 år av gangen, me seier som me syng: heller brød i dag enn hus om 50 år!
(Men om sant skal seiast, så har me faktisk ein 50-årsplan. Då bur me antakeleg like spreidde som no, eller kanskje nokre har luska seg opp og lagt seg til på stabburet til storgarden til Synneva på Voss eller trønderlåna til Thea på Inderøya, men me lagar uansett støtt og stadig steinharde politiske låter, eller kanskje mest revy på låven, og reiser rundt i Noregs land og speler opp til fæst! Godt å ha førebilete som Halvsøstra som viser at det er mogleg!)