Background
Tigernet logo
Tilbake til bloggen

Skiva som endret mitt liv Patrick fra Evig Lyttar

av Eivind Imingen, publisert 26.04.2019, 00:00.
Patrick Joy Division

Siden alle musikkhjerters favorittsogning Patrick Fardal startet opp musikkbloggen Evig Lyttar i 2015 har musikkjournalistikken fått harde slag. Desto viktigere og mer imponerende at en undergrunnsorientert musikkblogg som Evig Lyttar har klart å holde skuta på vannet, attpåtil med full fart forover.

Vi ville bli litt bedre kjent med bakgrunnen til Tigervennen Patrick, så vi ba ham plukke ut ei skive som forandret livet hans.

Nokon plater treff deg berre som lyn frå klar himmel akkurat når du treng det mest. Joy Division sin debut "Unknown Pleasures" var definitivt ei slik plate for meg. Den dukka opp for omlag 10 år sidan, og fekk meg gjennom ein av dei vanskelegaste periodane i livet mitt. Sidan då har den snurra jamt og trutt på platespelaren. Det sjuke er at eg alltid oppdagar noko nytt, sjølv etter så mange lyttingar.

Den dominerande bassføringa til Peter Hook, dei utanomjordiske trommene til Stephen Morris og dei lyse, svevande gitarriffa til Bernard Sumner miksa saman med den ekstremt særeigne vokalen og dei geniale (!!!) tekstane til Ian Curtis gjer "Unknown Pleasures" til ein av dei beste debutplatene nokon sinne. Kanskje den beste plata generelt også? Me må ikkje gløyma å nevne produsent Martin Hannett - utan han ville ikkje denne plata hatt det unike, bekmørke lydbildet den fekk. Fy faen, eg skulle gitt mykje for å fått være til stades under innspelinga og miksinga av dette mesterverket ... Denne plata har vore (og er framleis) definerande for så mange band, og for meg og mitt liv. Tidlaus og eksepsjonelt bra, rett og slett.

SJEKK UT EVIG LYTTAR HER