Background
Tigernet logo
Tilbake til bloggen

Sjappesnakk: Frøkedal har begynt å synes det er flaut å være artist

av Maria Refsland, publisert 01.06.2021, 11:42.
Frøkedal Rådane credit Vidar Landa2

Frøkedal slapp sitt tredje album ved navn “Flora” den 14. mai på Fysisk Format, og fysisk format blir det, for Frøkedal har valgt å droppe strømmetjenestene i første omgang. Vi tok en prat med Anne Lise Frøkedal om det å være artist, hvordan black metal har inspirert henne i tekstarbeidet, om Familien og om hennes skjønnlitterære debut som kom i april.

Hei hei Anne Lise! Gratulerer så mye med slipp! Har du et spesielt rituale i forbindelse med det å få vinylene og platene og holde dem i hånda? Er det digg?

Takk! Det er først skrekkblanda fryd (det er så mange plater, tenk om noko har blitt feil!) – og deretter rein glede å sjå at plata faktisk finst! Akkurat denne utgivinga har vore sjeldan gøy å lage - både med tanke på innspeling og innpakking. Eg var overtydd om at teikninga til illustratør Andrea Serio kom til å sjå heilt nydeleg ut på omslaget. Og det gjer den jo!

Generelt er eg ikkje den beste til å markere store hendingar. Men på grunn av ein utsett spelejobb på sjølve sleppdagen, fekk Familien og eg kvelden saman. Me åt middag, skålte for oss sjølve og spelte akustiske versjonar av låtane – det finst trass alt folk i dette bandet som meiner at all musikk burde opplevast live og at det burde vere ulovleg, iallfall strengt regulert, å spele inn musikk.

Vi som skal stille spørsmål har lært av Fredrik Solvang at vi alltid må prøve å ta opp de kontroversielle temaene og skape mest mulig konflikt, så jeg må jo spørre om det at du ved slipp av “Flora” velger å gå utenom strømmetjenestene i første omgang. Hva er tanken?

Det er ikkje nokon konflikt her for min del. Straumetenestene er skrudd saman på ein måte som gjer at singlar/enkeltlåtar fungerer langt betre enn heile album. Me har allerede sleppt 3 singlar digitalt. Nå når heile albumet skal ut, kjennes det naturleg å starte der det blir jobba med å selge album kvar einaste dag året rundt, nemleg i platebutikkane – og via Bandcamp.

Dere slipper også en tilhørende sangbok til plata. I forbindelse med slipp av denne sier du at: «Me har komme fram til at det å insistere på å vere ein«artist» som publikum skal betrakte frå avstand, kjennes sekundært, til og med litt flautt.» Kan du utdype dette litt?

Artist-omgrepet kjem ikkje utan bismak, det innebærer jo fort at ein skal bli ei av mange promoteringsmaskiner som peprar internett med denne underlege blandinga av PR-skryt og flatterande sjølvportrett, gjerne ispedd ein og annan privat detalj. Det er jo ikkje dette me djupast sett ønskjer å bruke tid og energi på – verken for vår eigen del eller for folk der ute – samme kor mykje me meiner at musikken vår trengst i verda.

Men det gjeld også på scenen. Eg er oppfostra i ein introvert indierock-tradisjon der der ein fysisk vegg av utstyr og barrikadar skil publikum og artist. For oss akkurat nå er det å prøve å bryte ned dette skiljet det som kjennes mest meiningsfylt.

Det er den samlande krafta og dei store kjenslemessige opplevingane som gjer musikk viktig. Med songboka seier me: “her er alt me har. du kan gjere det du vil med det”. Ønsket er at lyttaren skal kjenne seg nær, enten det er nær seg sjølv, musikken – eller oss. Og at det me driv me ikkje skal vere spesielt opphøgd – det er derfor me deler tekst, små historier frå studio og info om instrument og capo-plassering. Viss Flora kan gi folk ei kjensle av at dei er invitert inn, at dei kan bli ein del av noko – eller at dei til og med kan bruke musikken til noko sjølv, er det ingenting som er betre.

Bandet ditt kalles Familien, er dette også et grep i dette kollektiviseringsprosjektet?

Dei ein speler med er på sett og vis sjølvvalt familie – som ein gjerne ser oftare enn den biologiske familien. Me utfyller kvarandre, og folk bidrar med mykje meir enn det musikalske. Erlend på keys lager for eksempel alt av artwork på platene. I tillegg er Familien eit ypparleg forum for gode diskusjonar – om alt frå brødbaking til eksistensielle spørsmål som “kva er lykke” – og til å finne gode løysingar på store og små problem.

Det kan kjennes litt som du går tilbake til røttene for hva musikk er og betyr for deg med disse grepene. Kjenner du deg igjen i det? Og kan du definere det i klartekst?

På sitt mest verknadsfulle, gir musikken oss tilgang på deler av vårt eige kjensleliv som ligg i dvale mykje av tida. Slik er det iallfall for meg. Med Flora har eg på sett og vis vendt tilbake til den litt meir åndelege, intense musikkfantasten eg var som barn – det var ei tid musikk virka utruleg sterkt på meg. Men også ei tid der eg kjende eg hadde magiske evner og stor moglegheit til å påvirke verda positivt. Den trua finst på Flora også.

Kan du si litt om bakgrunnen for å bruke de gamle bildene av deg i skogen? Og er de nye bildene fra samme skog? Hva representerer det?

Det første biletet frå skogen har ein typisk "ung" patos og overtyding som harmonerer med bodskapen på Flora - det er derfor det fekk ein plass i innersleeven. Eg ser jo at det framstår noko symbolsk at ein går frå påståeleg lotus til å 20 år seinare stå oppreist, lent mot eit bilvrak i "samme" granskog. Tolk det, den som vil. Eg let det ligge, hehe.

Foto: Kjersti Moe

I tekstene på albumet skriver du om natur, ensomhet og fremmedgjøring i en kald verden, og om drømmen om å høre til, som du sier vi alle har i oss. Hvordan har disse låtene blitt til og hva er tankene dine rundt temaene?

Einsemd og framandgjering handlar om at me lever i ei verd som det av og til kan vere vanskeleg å forstå – og kjenne seg igjen i. For min del kan dette handle om alt frå større fysisk avstand mellom menneske og at me ikkje klarer å forstå kvarandre, til at me sagar av den greina me sit på. Låtane på Flora vekslar mellom å kjempe med desse problemstillingane og å sjå framover til noko betre. Naturen er heile tida til stades, både konkret og metaforisk. Han representerer både noko evig, noko som kan vere både trygt og farleg – og ikkje minst representerer han oss sjølve.

Du har sagt at du har vært inspirert av black metal i tekstarbeidet ditt på denne plata, kan du fortelle litt mer om det?

Tekstane generelt er inspirert av sterke overtydingar og ulike løysingar på eksistensen sine mange utfordringar. Black Metal-scenen er berre eitt av fleire miljø som i si tid fann eigne sanningar og virka overtydde om at dei hadde rett og at samfunnet for øvrig bestod av idiotar. Eg syns det er fascinerande at desse tankane, som både er mørke og utruleg naive, blei ei så sterk drivkraft for nokon.

På sangen “Takedown” synger du om at vi kan rive sperrene vekk og frigjøre kroppen i ekstase og forsoning, om vi bare våga å danse. “Break the system down” er siste linja i refrenget. Men samtidig sier du at du selv er full av sperrer. Kan du fortelle litt hvordan denne motsetningen fungerer?

Takedown er ein frigjeringssong for kroppen og tanken. Eg har berre skrive låten, det betyr ikkje at eg ein ein slags grensesprengjande fridoms-guru. Men at eg har noko å strekke meg etter. Dei fleste av oss har ein god del ballast i form av trøyttande rutiner og tronge tankar som me godt kunne klart oss utan.

Du debuterer også som skjønnlitterær forfatter med en novelle i samlinga “Og alle ting vert nye”, den andre utgaven i den årlige novelleantologien Nye nynorske noveller. Hva skriver du om der, og har denne nye sjangeren påvirket deg i tekstarbeidet til plata?

Det har slått meg i ettertid at eg skriv om mykje av det same som på Flora. Natur, einsemd og draumen om å høyre til! Karakterane i novella er i alderen midt mellom barn og ungdom, ei sjelfull tid med sterke kjensler.

Coverillustrasjon: Andrea Serio

Og så musikalsk da! Hva kan vi forvente oss?

Av Flora? Felerock, indiepop og psykedelisk folk, kanskje?

Du sier at dere testa ut skisser av låtene for publikum før dere ferdigstilte dem og gikk i studio og spilte dem inn live i løpet av 10 dager. Hvordan har det påvirket utvalget av låter og sounden på albumet?

Låtutvalet var klart då me gjekk i studio, nettopp fordi me hadde testa ting live så var det ingen store overraskingar på den fronten.

Ved å spele inn live kan me påvirke kvarandre dynamisk undervegs i låten. Og i tillegg kan tempoet vere friare, me har ikkje spelt inn med metronom, for å seie det slik. Og så er det alltid ein eller annan liten bommert eller noko som ikkje var planlagt som kanskje bidrar til å gjere den endelege versjonen av låten til noko spesielt. Eg trur også liveinnspeling gir plata ein sonisk heilskap. Det er den same gjengen som står og speler, me bytter berre litt instrumenter undervegs.

Hva er håpet ditt for albumet? Du sier at Flora er lyden av tilknyttinga Frøkedal & Familien søkte, og de mange svara dere fant i floraen der ute. Vil du røpe noe?

Eg håpar at Flora kan gi lyttaren glede og kanskje til og med ei kjensle av tilhøyrsle. Me tenker nemleg at sjølv om mangfaldet er endelaust, kan det sjå ut som at me i det store og heile ønskjer oss det same.

Foto øverst i sak: Vidar Landa

Related blog posts

See more from the blog