Background
Tigernet logo
Tilbake til bloggen

Coveret: Kjetil Skrettingland for General Forsamling

av Maria Refsland, publisert 20.05.2021, 19:03.
IMG 3841

For bidrag nr. 2 til coverspalten har vi huka tak i den 57 år gamle ingeniøren Kjetil Skrettingland fra Varhaug på Jæren som står for det knallekre fotografiet som pryder coveret til General Forsamlings "Steidn"!

Fortell litt om deg selv og hva har du gjort før!

Eg kan ikkje visa til så mykje fotografering av offentleg interesse. Det einaste måtte vera natur- og fuglefoto frå ulike stadar i verda, som eg har brukt til framvising og føredrag i møter i ulike lokallag av Norsk Ornitologisk Forening.

Hva er et godt cover for deg?

Eit godt cover, for meg, fangar oppmerksomhet, og seier fortrinnsvis noko om innhaldet i plata eller om artisten. Eit cover som inneheld eit bilete av artisten kan i mange tilfelle vera ei god løysing.

Hvor stor betydning har et cover for en plate?

For ei plate er det musikken og teksten som er det viktigaste, men eit cover som publikum synest er tiltrekkjande, interessant eller spanande, er klart eit pluss. Når det er sagt, må det også seiast at coveret er eit kreativt produkt på lik linje med innhaldet i ei plate, og den som lagar det ønskjer at det vert lagt merke til, og ønskjer å få respons på «verket».

Hvordan oppsto samarbeidet med Generalen?

Samarbeidet med Generalen starta med samarbeid om tekstar. For mange år sidan spelte Ole Paus inn den kjente salma «O bli hos meg». Salmesongen i Paus sin upolerte versjon var kjempefin, men eg tenkte at det ville vore ennå betre og nærare om Generalen song denne salma på Jærsk, og salma ville då få ein endå meir upolert versjon. Børre og eg kjende ikkje kvarandre, sjølv om me begge er frå Varhaug, men eg tok kontakt og spurde om han var interessert om eg laga ein jærsk versjon av teksten til denne salma. Svaret var positivt, og Generalen har med den jærske versjonen «Å vær sjå mæg» på plata «Frykten for å leva», som han gav ut i 2019.

Hvilket forhold har du til musikken? Hvilke indre visuelle fremstillinger får du av å høre musikken?

I Generalen sine sangar er teksten og musikken like viktige. Tekstane på Generalen sine plater kan vera brutalt ærlege, og sangane vert framført med Generalen sin grove, upolerte og uperfekte stemme, men med perfeksjonert bruk av gitar og andre instrument, der ingenting er tilfeldig. Når eg høyrer på Generalen sine sangar, legg eg merke til korleis han skildrar harde livsskjebner, sakn og levd liv.

Hva prøver du å tilføre musikken med coveret? Har musikken noen mangler som du vil redde?

Nei, coveret skal ikkje redda manglar i musikken. Coveret er tenkt å understreka innhaldet i plata. Som på David Olney sin originalversjon av påske-albumet «The Stone» forsøker den jærske versjonen «Steidn» å skildra påskehendingane på ein indirekte måte gjennom augene til vitne me vanlegvis ikkje høyrer frå. Historiane er oppdikta, men fortel påskehendingane på ein forhåpentlegvis ekte og nær måte. Her er svindlaren, som lurer folk til å tru at han kan gjera mirakel, og som mister tilhøyrarane sine då folk flokkar seg om ein nykomar som snakkar om kjærleik, ein som folk seier er «ekta vare». Her er eselet som bar Meistaren inn i Jerusalem på Palmesundag, ordensmakta som forhøyrde Judas, Barabbas som folket ville ha fri i staden for Jesus, og her er soldaten som første Påskedag må melda til sin overordna at steinen er fjerna og kroppen er borte. På same vis som tekstane skildrar påskehendinga på ein indirekte måte, er tanken med coveret at også dette skal peika på påskehendinga på ein indirekte måte. Hovudmotivet og fokuset er steinen, med korsa litt tilfeldig plassert i bakgrunnen, meir uklare, med eit uroleg hav som bakteppe.

Fortell litt om prosessen. Hva med musikken utløste den første ideen? Hvordan har samarbeidet med Generalen vært? Hvor mange runder med utkast?

Samarbeidet med Generalen har vore tett og godt, og har omfatta meir enn coveret. Det starta med at Børre i påsken 2020 la ut på Facebook ei lenke til David Olney sitt påskealbum «The Stone» frå 2012 med følgeteksten «Fremdeles tidenes påskeplate». Eg hadde ikkje høyrt om David Olney før, men eg tykte «The Stone» var eit meisterverk, og spurde Børre om han ville laga ein jærsk versjon av dette albumet. Eg oversette tekstane, og sende førsteutkasta vidare til Børre etter kvart som dei vart klare. Både gitaren og fingrane til Børre fekk hardkøyr, og Børre laga på kort tid eit demo-opptak av sangane med bruk av mobiltelefonen. I løpet av nokre veker var kladdeversjonar klare. Etter dette vart det mykje arbeid for å koma til eit ferdig produkt med tekst og musikk, før det fekk ein finpuss under innspeling. Richard Madland gjorde eit svært godt arbeid med produsering, miksing og mastring. Elles har det vore samarbeid for å gjera nødvendige avklaringar med David Olney (1948-2020) sin manager og familie, også i forbindelse med trykking av plate og cover og med release-konsertar.

Prosessen med å laga coveret tok relativt kort tid, men også i denne prosessen vart mange messenger-meldingar utveksla, og kan hende fire til fem utkast av dette biletet vart vurderte. Varhaug gamle kyrkjegard er ein flott og særprega stad der både Børre og mine forfedre er gravlagde i lag på lag frå rundt år 1200, og var eit naturleg førsteval av stad med tanke på temaet på albumet. Plata var gitt tittelen «Steidn», og ein stein var det sjølvsagde motivet. Av alle alternativ og vinklar var det klart for oss begge kva for eit bilete som måtte veljast. Perspektivet ein får ved å ta biletet frå litt avstand med kraftig zoom, gjer at det verkar som om korsa og det urolege havet kjem nærare, men er likevel litt uklare i bakgrunnen. Etter litt hjelp frå dotter til bror min for å redigera bort ein forsyrrande jernpåle var tilbakemeldinga frå Børre «Nydeleg», og berre små justeringar av kontrast stod att.

Hva ønsker du at de som ser coveret skal tenke og føle?

Eg håper at coveret gjer at temaet i sangane på albumet vert understreka, og at korsa i bakgrunnen og «Steidn» i framgrunnen får oss til å tenkja på det som skjedde i påsken for 2000 år sidan, sjølvaste grunnlaget for kristendommen, då Jesus døydde på korset, steinen vart fjerna og Jesus stod opp att første Påskedag.