Background
Tigernet logo
Tilbake til bloggen

Beinkjør gir oss sine topp 5 heimstadpunk skiver

av Kristian Kallevik, publisert 23.09.2024, 09:52.
Dette handler om Skiver som har inspirert.
Beinkjør Jordeplerock 2019 MASTER 4 K mp4 Still003

Det skrives for lite om heimstadpunk, og evigaktuelle Beinkjør gir deg sine topp 5 heimstadpunk skiver her!

-I alle fall vokalist Knut. 
(Han dårlegare av dei to som har laga låtane)

Dead Gerhardsens - På den gyldne middelvei

Sjølve hovudinspirasjonen til å starte eit norsktalande pønkband!

Etter nokre halvhjerta jam-sessions og fleire forkasta bandnavn og konsept, såg me livevideoen “Live at Ballroom Blitz” av Dead Gerhardsens og var sikker i vår sak på at det var DETTE me skulle spele. Både live og på plate var det høgt tempo og rå punkrock med eit klart budskap, lett krydra med ein og anna vittigheit.

No blei riktig nok vårt band betrakteleg meir rølp og vittigheiter krydra med eit og anna budskap, då men likevel.

Nofx - I heard they suck live

Dei tar ikkje ein konsert eller ei konsertinnspeling så altfor seriøst, dei her. I grunn inspirasjon nok i seg sjøl. Generelt sett utstrålar Nofx sine melodiar, riff, oppbygning og tekstar ein genialitet og dyktigheit som står fullstendig i kontrast med bandet sitt bilde utad.

Enkelte av låtane som Linoleum og Bob er blitt klassikerar utan å ha eit einaste refreng i seg. Kem faen gjer sånt?

Vazelina Bilopphøggers - Fem Fyrer med Ved

Eg vaks opp med denne plata og eg har spelt den i tide og utide så lenge eg kan hugse.

Vazelina kjøyrer enten originallåtar eller coverlåtar med nye tekstar der tittelen er fonetisk oversatt til totning.

Forutan å vere ein eminent gitarist og Norges kulaste mann, er Eldar Vågan ein undervurdert og unik tekstforfattar. Han driter i rock’n’roll-klisjeane om raske bilar og lekre damer men skriver heller om dei meir stusselege karane i samfunnet, som f.eks. ein som stortrives med å kjøyre septikkbil eller ein som sørger over favorittgrisen (som han sjøl har ete opp).

Misfits - The Misfits Box Set

Fordi du må ha ALT med det gamle Misfits! MÅ eg velge eit album, blir det “Static Age”, men det er aldri nok! Misfits har sidan me gjekk på ungdomsskulen vore på speed-dial på stereoen, på walkman’en, på boomblasteren, på mp3-spelaren, på discman, på vegen,...

Ingen kan gjere låtar om bestialsk vold på ein så fengande og nydeleg måte, og dessutan kan ingen rope “Woah” som Glenn Danzig. Me prøvde det på ei låt ei gong. Aldri igjen.

Toy Dolls - Orcastrated

I tillegg til å vera punkens ubestridte gitarhelt/gud (eller man skal vel liksom ikkje ha nokon av dei) så har frontmann Olga ein finurleg evne til å lage catchy punklåtar av igrunn det meste. Ofte er låtane karikerte fortellingar om helg, kvardag og lokale folk i Sunderland. Ut i frå innpakningen så virkar det som at alt sammen eigentleg befinner seg i ein teikneserie, men ifølge Olga er alt basert på fakta. Han HAR verkeleg astma og er TV-avhengig, Dougy er ein ekte uteliggar og Glenda fekk faktisk prøverørsbarnet sitt til slutt.

Ellers må jo countrybandet Longhorn frå Lærdal nevnast. Me har både covra dei, stjelt frå dei og sett opp til dei. (Festhistoriane frå denne gjengen er utan sidestykke).

“E68” covra me fritt frå vår eigen dårlege hukommelse av Longhorn-låten “Stamvegvisa”. “Framtid i Lærdal” er plagiat/parodi/fjas etter deira låt “Sumar i Lærdal”, som er Lærdals nasjonalsang. Du køddar faen ikkje med den!

-Ikkje meir enn me har gjort i alle fall.