Background
Tigernet logo
Tilbake til bloggen

Skiva som endret mitt liv med Anne Lise Frøkedal

av Maria Refsland, publisert 22.06.2022, 14:06.
Frøkedal tigerbloggen skiva som endret mitt liv

Anne Lise Frøkedal har etterhvert blitt en liten indielegende, og hun dundrer fortsatt på med nye og stadig bedre plater sammen med sitt band Familien. Hun spiller så klart også i I Was A King, og spilte før i blant annet Dharma og Harrys Gym. I denne saken får vi høre om skiva som endret hennes liv, og jaggu litt om historien om hvordan hun endte opp som musiker også!

Sidan eg starta Frøkedal & Familien – eit band der feler er sentrale i lydbiletet, og der bassen – og tidvis også slagverket – er borte, er nok ikkje arva etter Blonde Redhead sin kunstferdige støyrock like openberr. Men dei kjem alltid til å vere ein del av landskapet som forma meg, både som låtskrivar og ikkje minst som gitarist. Det byrja i Bergen, eller eigentleg då eg heldigvis kom meg unna Bergen:

Etter halvanna middels vellukka år på universitetet med mykje soving på lesesalen og notatbøkene fulle av dikt, gav eg opp den akademiske karrieren og heiv meg på bussen til Oslo. Det var ingen større operasjon – eg tok med det eg fekk plass til i eit par banankasser i lasterommet på Haukeliekspressen og løyste manglande studie-inspirasjon ved å satse alt på å spele i band.

Melody of Certain Damaged Lemons dukka så vidt eg kan hugse opp ein vinylkveld i ein røykfylt leilighet på Grünerløkka ein av desse tidlege Oslodagane. Me hadde starta eit ekstremt ambisiøst band ved namn Dharma – ein slags forløpar til det som nokre år seinare blei Harrys Gym. Blonde Redhead skulle vise seg å vere det einaste idealet me nokon gong kunne einast om gjennom alle åra me heldt saman. Den einaste referansen ein kunne trekke fram i arbeidet med ein låt utan at minst éin annan i bandet himla med auga.

Dei snirklete, barokke låtane på Melody of Certain Damaged Lemons høyrtes ufatteleg friske ut der dei bikka mellom å gå i støyande oppløysing til å vere kviskrande melodiøse og nære. Musikken var ambisiøs, men virka også frigjort der ein heile tida hoppa bukk over openberre, kjappe løysingar. Vekslinga mellom Kazu Makino (eit stort kvinneleg musikarforbilde, på ei tid eg enno ikkje tenkte over at det var mangelvare) og Amedeo Pace på vokal, med kvar sine variantar av aksent-tung engelsk, var slåande saman med dei sirkulære trommemønstera til tvillingbror Simone Pace. Dei blanda gitar med analoge synthar – og klavinett. Dei hadde tilsynelatande aldri spelt eit barrégrep eller ein bluesskala i heile sitt liv. Alt var magisk.

Og gjennom heile albumet gjekk melankolien, romantikken og forvirringa som ein blodrød tråd, heilt i takt med min eigen situasjon: berusing over å vere i hovudstaden ispedd tungsinn grunna jamleg bakrus, pengemangel og suksess som ikkje såg ut til å komme over natta. Kanskje derfor blei dette albumet sjølve lufta eg pusta i.

Gitaren var for meg først og fremst eit middel for å skrive låtar på denne tida. Så tynga av rock-klisjear synst eg elgitaren var, at heile instrumentet kjendes som ei blindgate. Eg utvikla meg svært lite som gitarist, og blei samstundes meir sur enn imponert av dei som meistra alle triksa. Men det Amedeo Pace gjorde i Blonde Redhead, demonstrerte at elgitar kunne vere både innovativt og innafor rekkevidde, sjølv om ein ikkje hadde verdas kjappaste fingrar. Eg byrja etter kvart å spele på færre strenger, og leite frame nye opne akkordar der harmonikken kjendest mindre låst. Slik blei det jaggu gitarist av meg også til slutt.

Eitt av Dharma sine høgdepunkt før me gav oss, var å varme opp for Blonde Redhead på Kongsberg Jazzfestival. Ein del av dealen var at dei skulle låne all backline av oss. Det var null problem, me hadde alt skaffa oss det mykje av det same utstyret. Fleire år seinare møtte eg Amedeo Pace etter ein Blonde Redhead-konsert i Oslo og snakka som ein foss heilt til eg fekk e-post-adressa hans. Eg sende han min mest Blonde Redhead-inspirerte demo, ein låt som til slutt blei gitt ut av Harrys Gym. Seinare kjende eg igjen den same akkordrekka på ei ny Blonde Redhead-plate – og han nemnte i ettertid, heilt uoppfordra, at demoen min hadde vore ein inspirasjon. Dette fekk eg meg ikkje til å fortelje til nokon, ikkje ein gong til dei i bandet, før lenge etterpå. Det var rett og slett for utruleg.