Background
Tigernet logo
Tilbake til bloggen

NAG gir deg Boys Of Europe låt for låt

av Jørgen Knutsen, publisert 14.06.2024, 12:00.
NAGBLOGG 1

Brølapane i NAG gjorde intet mindre enn en genistrek med sin siste utgivelse, som uten tvil er det mest catchy fra den kanten. Med tittel knabba fra den norske herrekonfeksjonisten og «alt som var feitt med dei to førre, og endå meir», gir Arnfinn, Ørjan og Espen deg en låt for låt gjennomgang av Boys Of Europe!

Boys of Europe
Me er framfor alt eit pønkeband. Dette kunne nesten ha vore ein song av Chaos UK eller Anti-Cimex eller liknande. Temaet er så krøst-pønk som du får det òg: Det handlar om krig, sjølvsagt. Dermed treff me tida godt, som det står i presseskrivet. Men me skreiv faktisk songen for mange år sidan, så akkurat det var i grunnen berre eit slumpetreff. Eller var det?

Iron Lawn
Framleis pønk, men litt meir metall her. Litt såkalla chugging og blastbeats, men truleg ikkje nok til at me får spela på Karmøygeddon med det fyrste. Teksten er vel kanskje inspirert av Insect Warfare? Han handlar i alle fall om insekt som gjer det insekt gjer; et, drep og torturerer einannan. Så ligg det sjølvsagt (?) ei djupare meining bakom. Men den får folk tenkja ut sjølve.

Unlimited Power Ballad
Me er jo glade i ordspel. Typisk norsk rock? I alle fall: Dette er det me vil kalla ei poplåt. Ei slags blanding av Hüsker Dü og svartrocken til Satyricon av nyare dato, kanskje? Teksten har òg eit vilt episk tema, nemleg Herren sjølv. Kva held han eigentleg på med? At ikkje denne er A-lista på P13 eller liknande skjønar me ingenting av. Men han kom kanskje for seint. Kven bryr seg vel om episk svartrock no om dagen?

Cosmic Death
Denne er ikkje så alt for langt unna ein "tradisjonell" svartmetallsong. Men framleis litt for pønk for Karmøygeddon, kanskje? Om du ikkje gidd setja deg inn i kva vitskapen seier om opphavet og undergangen til kosmos, får du den poetiske kortversjonen her.

Old and in the way
Det var fyrst då me måtte erkjenna at me ikkje lenger kunne skjøna samtida vår heilt, at me innsåg at me var vaksne. Dei som veit, veit. Jaja, snart er det din tur. Elles, ein rett fram pønkesong. Han høyrest i grunnen simpel ut, men av einkvan grunn er det denne me slit mest med i øvingslokalet ...


Scandinavian sleeping and living
... so cold and unforgiving. Ja, livet kan på sitt vis vera hardt sjølv i eit sosialdemokratisk paradis. Dei vaksne kjenner nok tittelen att frå Jysk-reklamane, og dette er kanskje den ultimate NAG-songen. Her har me meir eller mindre klemt inn alle triksa me kan, både i lyd og tekst, så om eit heilt album er litt mykje for deg, får du den komprimerte utgåva her på under to minutt.

Sheep like us
Mange kjenner sikkert til det norske rockebandet Wolves Like Us. Rockeband likar ulvar. Det gjer sjølvsagt me òg, men me i NAG er nok meir sauefolk, om sant skal seiast. Me kan vel ikkje alle vera ulvar ...

Of Lice and Men
Yes, endå fleire ordspel! Lynkjapp pønkesong med ein tekst om ... gruppetenking, trur me? Kom an, kan me ikkje berre vera vener?

Ancestral Spirit
Ei klassisk NAG-låt om dreping, knulling og knusing. Me gjer lite av dette, då, det skal seiast, men gildt å brøla om. Eit triveleg lite nikk til Kafka Prosess inni der ein stad òg.

Runaway Brain
Endå fleire festlege ordspel ... Me er beint fram usikre på kva denne handlar om, han vart truleg skriven i tung raudvinsrus på ein sein fredagskveld. Her har me både sultanar, husmenn og kontoristar på el-sykkel i ein og same song. Heilt kva dei har å gjera med einannan, er uvisst.