Background
Tigernet logo
Tilbake til bloggen

Ukas Album: Blood Orange - Cupid Deluxe

av Eivind Imingen, publisert 17.07.2014, 00:00.
Blood Orange Cupid Deluxe

Produsent og musiker Dev Hynes, viser finesse med andreskiva til soloprosjektet, Blood Orange. Hynes, som må seiast å ha mange ballar i lufta, har arbeida tett med mellom anna Solange, Sky Ferreira og The Chemical Brothers. Under tilnamnet Blood Orange, gjorde han seg for alvor markert med debuten, Costal Grooves frå 2011. Oppfølgaren er ikkje mindre interessant. Inspirert av tidleg Michael Jackson, Drag Queens og livet i New York City, har Hynes med presisjon sett fingeren på ei musikalsk nerve i vår eiga fortid og samtid.


Ettersom Cupid Deluxe vart sluppen i 2013 har nok mange vore innom skiva allerede. Har du derimot endå ikkje plukka denne opp, skal på Øya-festivalen og ikkje heilt har bestemt deg for kva konsertar du vil gå på, er Blood Orange veka sitt heitaste tips frå Tiger.