Label:
CD:
EAN:
7042986161729
Catalog number:
NYENOR6172
Release date:
15.08.2025
Info:
Eit bankhvelv er noko som verner om noko verdifullt. Duoen hevdar at dei mangler både hardingblod, hysteri, hemninger, så dei fjerna h-en og leikar seg med å setja saman musikk (og namn) på nye måtar: BanKvelv: Ein duo med Symre Taugbøl Bang på el.gitar og hardingfele og Heidi Kvelvane på altsaxofon og akkordion. Duoen start i Bergen då begge studerte på jazzlina ved Griegakademiet.
Dei har dei siste åra fordjupa seg i slåttespel, hovudsakleg hardingfeleslåttar frå vestlandet, og dei jobbar med å utvikle dette gjennom samspel, arrangering, nyforming og improvisasjon. Heilt frå starten lærte dei alle slåttane fyrst på hardingfele og akkordion, før dei vart overført og arrangert for sax og gitar. Framgangsmåten har ført til at duoen opplever betre overskot til å leike seg med materialet, utan å miste kontakten med den originale folkemusikkarven, slåttane.
Albumet inneheld åtte slåttar frå Sogn, Voss og Hardanger. Nokre lært i Audhilds spelemannslag, nokre hjå Håkon Høgemo og nokre via lydopptak. Bankvelv meinar at albumet kan vera til inspirasjon og glede for alle dei som likar å danse, høyre på slåttespel frå vestlandet, og dei som også likar leiken folkemusikalsk jazz.
Symre Taugbøl Bang, el.gitar, hardingfele
Heidi Kvelvane, altsax, akkordion
Jo Asgeir Lie, produsent tradisjonell del
Mattis Kleppen produsent jazz del
Innspeling i Audiopol Studio, Skien
Magnus Skavhaug Nergaard , opptak, mix
Helge Sten, mastering
Karl Seglem - NYE NOR, utgjevar, produksjon
Tracklist:
Eldegardsfossen
Rull etter Halte-Lars
Bensen
Springar etter Lars Sande
Store vetle Per
Ringjaren
Skrangle Jens
Ein golo gut
Så Sjur da
Limping-Lars
Georg Bensen
The Sandman
The Real SVP
The Caller
Jiggle-Jens
A Golden Guy