Background
Tigernet logo
Camilla Hole Trio Halvemål Cover

Halvemål

CD
€17.36

Label: 

CD: 

EAN: 

7041880996864

Catalog number: 

Taragot19

Info: 

Camilla Hole og trioen hennar kom med folk/jazz-plata si «Halvemål» 12. oktober.

Musikarane har tidlegare spelt saman i fleire ulike konstellasjonar, og har no gått saman om ein felles draum om å lage ei folkemusikkplate.

Trioen har som utgangspunkt ein tanke om at folkemusikken høyrer til framtida – den skal førast vidare. Musikarane spelar folkemusikk, i hovudsak frå Sogn og Fjordane, men også ny musikk. Camilla, Fredrik og Knut har bakgrunn frå jazz og improvisasjonsmusikk, og spelar instrument ein ikkje nødvendigvis knyter til folkemusikk. Dei tar med seg instrumenta og dei musikalske preferansar sine når dei gjer tolkingar av dei vakre, tradisjonsrike låtane, som har blitt vidareført gjennom generasjonar. Ved hjelp av andre klangar, og bandet si oppfatning av essensen i musikken, tilfører dei låtane noko ekstra.

Tracklist: 

1 Bruremarsj Etter Kroka-Lars
2 Fløyteslott
3 Rompedrage
4 Halling Etter Gabriel Reed
5 Skoddestrime
6 Ein Kann Ikkje Alltid Spinna Silke
7 Julefortelling Frå Breim
8 Springar Etter Samuline Seljeset
9 Vårjele
10 Kilden