Background
Tigernet logo
155493

Natten Veller Seg Ut

Vinyl
€16.99
File under: 
Pop/Rock  ›  Folk  ›  Pling Plong  ›  Ambient & Drones

Label: 

Vinyl: 

Catalog number: 

MOT5LP

Release date: 

05.10.2019

Info: 

Nominert til spellemannpris! Helga Myhr har lenge utmerka seg med sitt hardttreffande hardingfelespel og mjuke røyst. Når ho no debuterar som soloartist med plata «Natten veller seg ut» trer ho fram med eit fullstendig eigenarta, ja smått utruleg utrykk som gjev assosiasjonar til både prehistorisk, middelaldersk og modernistisk musikk.

Myhr syner her at ho på modent vis har anlagt eit breitt perspektiv, og vel å føre vidare fleire ulike tradisjonar. Den mest openbare er vel songtradisjonen frå Hallingdal som ho har etter mor si Gunnlaug Lien Myhr, og som repertoaret på plata stort sett består av. Tilnærminga til felespel som eit middel for å framkalle abstrakte ljodlandskap kan vi her i Noreg særleg spore attende til komponist og fiolinist Ole-Henrik Moe (f. 1966). Det å spele fele og synge samtidig er å høyre på gamle arkivopptak av Eivind Sigurdsson Berg (1892-1983) frå Valle i Setesdal, og har sikkert vore praksis hjå trubadurar langt attende i tid. I sum er detta no Helga Myhr sin tradisjon, og det er verkeleg stort for Motvind Records å få vera med å formidle den til lyttarar.

Perspektiv på norsk folkemusikk er ein nystarta serie på Motvind Records som tek for seg ulike tradisjonsliner som karakteriserast ved at vi fer ei kjensle av at dei framkallar ein dåm som kastar ljos over ein viss signifikans ved norsk folkemusikk sitt vesen. Føremålet med serien er å gjeva folk som har lyst til å lytte meir til norsk folkemusikk eit breidt utval av ulike uttrykk som forhåpentlegvis inspirerar til vidare lytting og reflektering. Det er allereie eit par-tre plater til på veg i denne serien, og med kombinasjonen unik musikk og elegant design vonar vi at dette blir ettertrakta samleobjekt blant dei som veit at fysisk format fortsatt er det deiligaste formatet.

Tracklist: 

1. Den Lyse Dag Forgangen Er
2. Du Skal Ikke Døren Stenge
3. Giv Meg Av Nådene Dine
4. Nu Rinner Frem En Deilig Sommer
5. Gløymer Dag Og Stund
6. O Kjære Maria
7. Natten Veller Seg Ut
8. Kjærligste Jesu
9. Ingen Finner Frem Til De Evige Ro