Stikkordarkiv: jon olav

Min musikalske fødsel: Jon Olav

I serien “Min musikalske fødsel” inviterer vi folk i miljøet rundt Tiger til å fortelle om øyeblikket, eller utgivelsen, som for alvor åpnet opp musikkens verden for dem. Den første ut i denne serien er Jon Olav, som i dag slipper debutalbumet “Ung poesi” på vinyl!


Kaptein Sabeltann + Jon Olav = Ung poesi

Året er 1998 og eg har fått min første CD. Kaptein Sabeltann. Ein dobbel CD med historiefortelling og musikk frå det fortryllande universet i Kjuttaviga. I ein gamal lærarbustad på Sunnmøre sit eg i ei stove med tømmerveggar og lyttar. Eg er oppslukt i musikken. Som med mykje andre av minna ein har frå treårsalderen er ikkje alt like klart. Eg hugsar for eksempel ikkje kva vær det var då eg høyrte den, og eigentleg ingenting anna heller. Det einaste eg hugsar er den CD’en og at eg digga det med heile det vesle hjartet mitt. Fortsatt kan eg sette på den skiva og oppriktig tenke at det er bra musikk.

Nitten år seinare bankar eg på døra til eit flunkande nytt studio i Kristiansand, der vi skulle lage vår første plate, Ung poesi. I hjørnet står eit gamalt kopparfarga trommesett av typen Slingerland som sto igjen frå førre studioeigar. Undervegs i prosessen kom det fram at det same studioet som vi var i blei brukt til innspelinga av den originale musikken til Kaptein Sabeltann. Trommesettet hadde stått der heilt sidan den tida.

Trommene som vi brukte på debutplata var altså dei som blei brukt på CD’en som sette i gang mi musikkinteresse. Eg trur eigentleg ikkje på skjebnen, men i nokre tilfelle kan ein begynne å lure.

Håper de vil like albumet mitt.

Jon Olav

Kjøp Jon Olavs debutalbum “Ung poesi” på Tigernet