General Forsamling – Frykten For å Leva

Dilldall-dödaren av Håvard Rem

General Forsamling: Frykten for å leva

Dei elleve songane på Frykten for å leva kjem som stasjonar på Jærbanen og syner oss det jærske landskapet og livssynet. Som lyng i haustnatta lyser Bård Halsnes fiolette mandolin. Lyden frå Einar Stensengs koffertorgel er kvit som bedehus under vipeskrika frå gitaren til Vegard Urne.

Men gjennom alt saman går ein asfaltveg av ein vokal, røysta til General Forsamling, ei svart asfaltrøyst blanda i hop av kaffi, røyk og sprit, alltid til å lita på, stundom sur som ein sneip, men valsa ned til eit vegdekke så godt og solid at du berre set på cruisekontrollen.

Tekstane er utan dilldall og svingar. Dei er enkle og rett fram som vegane kring Varhaug. Korleis seia ting enkelt utan at det har vore sagt før? Det er det vanskelegaste. General Forsamling seier det så enkelt at ingen har sagt det så enkelt før.

Like høg som himmelen kvelvar seg over Noregs flataste landskap, like djup er avgrunnen under. Døden er frykt og døden er fridom i «Frykten for å leva» (spor 1): «Presten hæ sagt sitt / Nå æ dæ øl å akkevitt»

Og når Noregs høgaste himmel vert formørka av dei jærske grubleria, dei som fekk far til Arne Garborg til å gå og hengja seg, då lyser det likevel ei sol på den svarte himmelen. «Alkohol» (spor 2). «Alkohol / Du æ mi sol»

«Kalv» (spor 3) er til dei jærske jævlongane, alle sonane til Salve: «Di sko hatt så møje pryl / Mæ den haimen æ dæ lett å forstå»

I «Valgets kval» (spor 4) har dei vorte vaksne og skjønt at det er for seint å snu. Mobbaren og dei mobba, no er dei like einsame. «Du konne tent nok peng / Våre to i di seng / Stanne opp mæ solå»

Så i «Dæn som lær sist» (spor 5) er han ikkje lenger så tøffe, gjengens fødde leder på åttitalet. «Du gjekk mæ Ball / Hadde boksa mæ hål / Men den siste dansen æ øve nå»

Ingenting er att i Ingenting-coveren «Gje faen i dæ» (spor 6). Botnen er nådd: «Æg hekkje moped / Fy faen for et sled»

Det vert verre. Han er førti i «40» (spor 7), og då er livet over. Det er eigenleg tid for å døy: «Me må ikkje gløyma kona å onga, så æ verd meir enn mi giftige tonga»

Så alt er ikkje heilt tomt . I «Tomt» (spor 8) er det ikkje heilt mørkt likevel: «Av å te æ dæ tomt, tomt i håve / Men av å te så æ dæ gildt»

Nei, det går an å reise seg att i. «Dæ æ livet» (spor 9): «Går på trynet / Trynet dæ tåle fleire slag»

Jau, ein må sjå det positive i livet, lysglimta i mørkret, som i «Sånn kan dæ gå» (spor 10), der ein finger vert skada: «Men doktrane dei sydde ann i hob / Å æg fekk prøva møje godt dop»

Og i dei mørke dagane derpå, når nåttå kjæme, er ein ikkje åleine. Nokon kjem til å koma. Ivar Aasen samanlikna Jæren med ein havbotn, men i den siste songen på albumet lyftar General Forsamling heile landsdelen til himmelen. I stjernenatta heng Jæren som ein romstasjon der Gud kjem på vitjing. 321 år etter at Jacob Rasch frå nabobygda Brusand omsette Romarbrevet til jærsk, har Kjetil Skrettingland attdikta «O bliv hos meg» til same dialekt. «Å vær sjå mæg» (spor 11). «Når du velsigna, he æg ikkje frykt, / Sår æ’kje vonne, å æg he dæ trygt»

Denne gongen ynskjer me å fylgja asfaltrøysta til General Forsamling på vegar inn i andre landsdelar òg.

GENERAL FORSAMLING PÅ TIGERNET