Tigertips: Fucked Up – Glass Boys

glass boys

Toronto-bandet Fucked Up ligg som vanleg ikkje på latsida. Kort tid etter at “Year of the Dragon”, det nyaste bidraget i zodiac-serien kom ut, er dei no aktuelle med ny fullengder. “Glass Boys” er på mange måtar ei typisk Fucked Up skive. I motsetnad til forløparen, den særs originale postpunk-operaen “David Comes to Life” frå 2011, føyer “Glass Boys” seg naturleg inn i rekka av tidlegare skiver. Det må likevel nemnast at det ikkje skortar på originaliteten på denne utgivelsen heller. “Glass Boys” kjem nemleg i to versjonar. Ein vanleg, og ein limited edition som inkluderer ein ekstra LP med alternativ mix og trommer i half-time.

  • FUCKED UP PÅ TIGERNET
  • “Glass boys” er rask, melodiøs og uforskamma fengande. Nett slik Fucked Up skal vere. Her er ein liten smakebit: