Ukas album: Satan’s Satyrs – Die Screaming

last ned

Ventetida har vore lang og hard, men endeleg droppa denne særs etterspurde knallskiva inn i sjappa. Satan’s Satyrs har kapra hjarta til mange metal-heads etter at dei starta å spele saman i 2009, og den smoothe miksen mellom heavy, doom, samt frekke innslag av punk kan få det til å rykke i rockefoten på omlag kven det skulle vere. Die Screaming er den andre fullengderen til dette bandet, men dei har også droppa eit par EPar og eit live-album. Dette er eit band å halde augene oppe for.

 

 

 

Her kan du høyre ein aldri så liten smakebit: