Ukas Klassiker: American Football – American Football

american

American Football er den fyrste og einaste fullengdaren til det amerikanske indie-bandet med samme namn. Denne skiva luktar tenåringskjensler og stikk seg ut i mengden, mykje grunna ein fløyelsmjuk trompet som går att i fleire av låtane. Medan originalversjonen kom ut i 1999, vart ein splitter ny deluxe edition reissue sluppe for omlag to veker sidan. Denne består mellom anna av ein booklet med bileter og tekstar samt dobbel, farga vinyl. Deilig!

  • KJØP DEN PÅ TIGERNET